Det Helge Nøkling minnest frå gullgruverne på Bømlo

Avskrift:
I åra omkring 1866 til 1867 vart det dreve etter kobber i fjella ved Djupevik Nøklingfjorden. Denne gruva vart i dagleg tale kalla Modums grava avdi drivaren heite Modum. I denne tida var det at Jakob Nilsen Nøkling som fyrst fann gull utan sjølv å veta kva han fann. Modum hadde fått hand um dette funnet åt Jakob Nilsen og sendt det til Kristiania.

I 1878 kom lærar Bødal til Nøklings skule. Det var turskular i den tida so læraren var i turavis på Geitung, Tverborgvik, Sele søre og Nøkling. Det er ikkje som den store skulemeister Bødal vert nemd, hans hugmål og eigenskaper rakk langt høgare på andre umkverve. Det kan nemnast at han vart nytta som fiskjetelegrafist på Røvær, og at han trena mykje med telegraflykjelen i skuletida. Ved sida av skulearbeidet og telegrafien hadde Bødal eit stort hugmål, stein og bergverksdrift. I denne samanheng er det at namnet hans er knyta til gullgruverne på Nøkling.

Då Bødal skulte på Nøkling heldt skulen til hjå Halvard Nøkling. Læraren budde og då på samme staden, og dette samværet har nok sett kveik i dei båe to. Etter endt skuledag var læraren ofte å sjå i Lyklingholmen. Han meinte det kunne vera kol det svarte fjellet der nede.

Då Nøkling hadde fått fast skule i åra frå 1878 til 1880, hendte det ein dag at skuleguten Arne Risvik hadde ein fin stein med på skulen, og Bødal tok hand um den. Det gjekk helst stillt um denne steinen, Halvard Nøkling og Bødal sytte for å få Mutesetel på skjerpet. Bødal var kjend med telegrafistene Hansen og Reitan. Desse karane gjekk so saman med skjerpe eigarane til prøvedrift på staden der seinare Kong Oscar 2. Goldmine ble lagt. Under denne prøvedrifta vart der bygd smidje, kontor og bustad for Lars Eriksen, han kom som fagmann i bergvergsdrift. Denne prøvedrifta bygde og det som er bygd av veg sunnan for Kong Oscars gruva. Guleik Hanssen, Endre Våge og Endre Nøkling var millom desse arbeidarane. Dagløna var ikkje mykje å skryta av. For Endre Nøkling som då var yngste mann gjorde dagløna på 10 timars dag seg opp i 60 øre.

Det var ikkje so endefram å få styremaktene til å tru på dette Bømmeløy gullet, so Bødal hadde eit heilt strev i Kristiania. Han vart til slutt vist åt Universitetet. Der fekk han veta at gull frå Bømmeløya hadde dei fått fyrr.

Reitan og Hansen vende seg til England og gjennom den engelske pressa klarte dei å setja gullfeberen på so mange engelskmenn at der ein dag kom utsendingar for å sjå på gullet. Engelskmennene kom ikkje uventa på prøvedrivarane, for dei hadde ordna seg slik at dei hadde gullstripa ståande synberr i fjellsida i gruva.

Um våren 1884 tørna ein stor engelsk bark upp på Holmasundet. Det vart travle dagar dei som kom frametter, mykje tungt materiell måtte fraktast frå barken og til Djupevik. Til dette nytta dei ein stor gamal kanonbåt. På Djupevik laut dei bygja kai og montera krane. Dei bygde og bana frå Djupevik og fram til gruva. Det gjekk ikkje for seg i stilla dette at engelskmennene hadde landsett på Djupevik med tanke på gullgraving.

Dei villaste rykter ved sida av sensasjonslystne aviser gjorde sitt til at Bømmeløy ikkje berre vart landskjent, men kjent også i andre land. Det var ein flaum av framande folk som kom åt bygda i den tida. Det var korkje velstellte eller vel sedde mange av dei. Det hende at ein midtsumars kunne sjå folk i arbeid med plankebering med berre ein vinterfrakke på sin kropp.

Kobbergruvene på Alfsvåg vart nedlagde det året so ein heil del trente gruvedrivarar, for det meste svenskar, flytte til gards her. Her vart då ei livleg byggverksemd i tida frametter.

Ei skrikande husnaud for ferdafolk gjorde at Stange og Kleibergs hoteller vart reiste. Stanges hotell kan me sjå i dag og, men Kleibergs finn ein i dag berre grunnen av i nordre enden av Stokkamyra. I nærleiken av Kleibergs låg hyttene åt Stamnes og Hansen. Desse hyttene delt i to rom kvar, tente det eine rommet som kaffiståva og det andre til bustad for eigarens huslyd. Det vart ikkje gjort noko for å skaffa husrom åt arbeidarane. Dei laut kua seg inn best dei kunne hjå folk som hadde det trangt fyrr. Til prov på denne husnauda kan nemnast at hjå Paul Nøkling som i den tida åtte hus med 2 ståver og 1 kammers med lågteloft, budde der 3 huslydar umframm hans eigen.

Då me først er inne på vanskane arbeidarane hadde, må ein og nemna vanskane på arbeidsplassen. Ingen arbeidar inflytt eller fastbuande fekk lov å arbeida ved værket lengre enn 23 månader. Dette var ikkje kommunen som krov, det var krav frå værket, for at dei skulle koma seg klar ei plikt ovanfor ein arbeidar. På denne måten var her allstøtt folk som flytta frå anlegg til anlegg. Ei vanleg flytting var det millom Nøkling og Visnes. Mykje vondt måtte dei lida desse stakkars huslydane, i små kår og støtt på flyttefot.

Etter som tida skreid fram var det mange som ville prøva lukka etter Bømmeløygullet. Her kom folk frå heile landet. Ja, frå Sverige og for å sk jærpa.

Ser me på Kong Oscar 2. Goldmine i åra 1886 til 1887 er det stor framgang, Dei har då reist vaskeri med 50 stampar. Desse stampane hadde saman ein kapasitet på 50 tonn i døgeret. Til dette vaskeriet trong og ei mengd vatn. Tereng og nedslagsfelt var soleis at ein laut bygja 4 store stemmer, og la på den måten store vidder beitemark under vatn. Dei hadde og reist bustad for direktør, og gullvaskar, snikkerverkstad, smidja og maskinhus.

Då vaskeriet var ferdig og vimpelen heist med Kong Oscar 2. Goldmine, vart det laga til stor fest for arbeidarane. Dåe, som var direktør då, var ein venesel mann som arbeidarane såg upp til. Det var ikkje berre det at han tillet festar i vaskeriet, men han var sjølv med å synte fram morrospel for arbeidarane. 17.mai 1887 står friskt i minne. Då var der fest på Værket med kapproing og andre tevlingar. Ingeborg Paulsen vann 1. premie i roing og ho seier sjølv «Der var ein bråte med folk».

Det gjekk noko bolkete med drifta so det hende at alt stod stille ein og annan vinteren. Her kan nemnast vintrane 1886 og 1897. I desse upphalda reiste dei trente arbeidarane stundom til Gravhalsen, Flekkefjordsbana, Hardangerjøkulen og Sætesdalen.

Då dei slutta å driva i Oscars gruva såg ho slik ut. Dei fyrste ca 20 m går i svakt skakt so stuper gruva meir loddrett til ca 50 m djupna. På halvvegen er der so strossa ut ei heil vidda. Denne vidda var so stor at dei, med det dårlege ljoset dei hadde den tida, ikkje kunne få noko fast å halda seg til i bedøminga av denne vidda. Frå denne store halla går der so ei ort rett mot vest, men i krokar som ein orm etter som gullgongen svingar. Det var ikkje godt å trilla i dei krokane med ei gruvelampe fast på båra. Formann Nordal ved vaskeriet sa at det var fint med gull på platene der dei då arbeide. Forteljaren vart heiskjørar so dei siste metrane var han ikkje med å tok ut og kan derfor ikkje seie um gullet tok slutt eller dei slutta slik gongen då var.

I tida 1887 til 1890 hende det at to småjenter, døtrene åt Ola O. Skjætne, sat å monka med nokre steinar. Faren såg at i den eine steinen var der gull. Ola hadde sagt dette blant arbeidskameratane og so kom det for Skjærpen sine øyro.

Kong Oscar 2. Goldmine kom til å driva i Risvik. Den fyrste drifta var nokså premetiv. Alf E. Våge, Helge Nøkling og ein dei kalla Peder Blekkslagar var dei fyrste fodrarane. So lenge prøvedrifta varde vart steinen sortera på ein platting. Det som då dei meinte var verd å prøva på vaskeriet vart då trilla umbord i ein pram. Med roende slepebåtar fekk dei so pramma til Djupevik, og siste delen av vegen med hest fram fyre vogn på skinner. Det tyktes vera stor skilnad på gullet i Risvik og det i Oscars gruva. I sist nemde stod gullet i det dei kallar Nyrer, medan det i Risvik var meir fint men synberrgang. For auga å sjå til tyktes det vera meir gull uppe enn lenger nede i gruva.

Dei fann prøvedrifta slik at dei bygde bana frå vaskeriet og fram til Risvik. Dette var eit storarbeid i det vanskelege terrenget, med knaus og knatt. Bana laut ofte kvila på høge trebukkar i dei djupe dalsøkka.

Risvik gruva er den største av gruvene og er vel 500 fot djup. Gruva går i nordaustleg retning, på skrå eller det dei på gruvespråk kallar skakt. Denne skakta fell fyrst 100 fot so kjem det dei kallar Ort, det er ein vannrett tunell. Denne går so på sud og nord med ein arm sud um skakta og ein nordum. Der går og ein vannrett tunell i austleg retning ca 150 m lang. Dette kallast tverrslag. Fylgjer ein skakta vidare til 150 fot djupna går der igjen ein Ort på sud og nord og likeeins eit tverrslag. Slik held det fram nedetter skakta på 200, 300, 400 og 500 fots djupna. I Orta på 150 fots djupna arbeide dei so lenge mot nord at sjøen tok til å siga inn, so dei laut støype att der. Frå midten på tverrslaget på 100 fots djupna går der so eit gjennomslag til gruva dei kallar Hullets gang.

I tidsbolkjen frå 1886 til 1897 kom her og to andre verk i gang. Bømmeløens forenede (Dalsverket) og Haugesundsgangen (Badlyverket).

Dalsverket haldt til i Risvik og dreiv i Flataneset og Gapelskog. Dalsverket bygde og vaskeri og kai, og på same måten som Kong Oscar 2. Goldmine, laut dei stemma svære stemmar for å skaffa seg vatn åt vaskeriet.

Haugesundsgangen skjærpa av fru Jonnassen, men dreve av ein engelsmann. Denne mannen var både direktør og gullvaskar. Haugesundsgangen ligg der den fyrrnemde Modumsgrava var. Forteljaren var sjølv med å lensa modumsgrava for vatn. Dei stod i stegar og handa bytter frå mann til mann. Han tente kr 7,00 på dette arbeide, so etter den tids betaling dreiv dei sikkert på ei god stund. Medan dei to andre verka dreiv med stampar, dreiv det siste med mylle. Vaskeriet stod på Kammaren. Dei hadde sopass trekai på Klåven der at dei fekk på land det dei trong. Ein kan finna dei gamle stemmane deira innyver fjellet so det syner dei har hatt bruk for mykje vatn til vaskeriet dei med.

Denne gruva ser slik ut. Ei Ort frå sud fylgjande kvartsgongen so kjem der ein Synk loddrett. Denne synken er ikkje djupare enn at dei hasspa steinen upp med handamakt. Um denne synken har der vore sagt av Lars Nordenes, at han skulle påvisa gull berre denne synken vart lensa. Forteljaren legg til Lars var min beste arbeidskamerat. Han var alltid pålitande.

Då ei tid var gått, lagde engelsmannen ned arbeide, men ein normann, stigar Olsen, var styrar. Olsen var ein gild mann som arbeide godt. Han hadde sagt at denne drifta var regningsvarande dersom dei ikkje hadde det dyre kontoret i England å løna.

 

Bømmeløens forenede vart kjøpt av Kong Oscar 2. Goldmine. Dei dreiv seinare både i Flataneset og Gapelskog.

Flatanesgruva ser soleis ut då båe laga har dreve der.  Ein skaktsynk mot aust ca 15 til 20 m. Der går so ei Ort i nord, denne umlag 15 m. Frå synken går det og ei Ort rett mot sud i ei lengda av 25 m. Der går so ein taksynk samstundes som dei arbeide ned frå dagstråssa og syn soleis at desse to synkerne møttest. Ein stor del av denne synken står tom for vatn avdi vatnet renn ut i skaktsynken. Forteljaren har vore med å vaska gull i trerenner i Flataneset og fant litt og seier han.

Gapelskoggruva ser soleis ut. Ein skaktsynk mot sud ca 20 m. På 10 m djupna går der ei Ort i austleg retning ca 25 m lang. Etter at Kong Oscar 2. Goldmine hadde yvertat dreiv dei ei Ort mot vest. Denne lengda kan han ikkje sjå noko um.

Medan Dåe var styrar ved Kong Oscar 2. Goldmine, dreiv han og ei gruva dei kalla Dåe-gongen. Denne gruva har ikkje forteljaren arbeidt i, men har vore ned i den medan dei arbeide der. Der går fyrst ned ein djup synk. Frå denne synken går der so ein Ort mot sudvest. Då dette var gjort tok dei til med ei takstråssa langst heile Orta. Denne takstrossa gjekk soleis fyre seg. Dei la tjukt stokkverk yver Orta etter kvart som dei gjekk fram med takstrossa. So skilde dei i frå i det dårlege ljoset det dei fann værd å bringa på vaskeriet. Avfallsteinen låg då att på dette stokkverket. Dårleg har sjølvsagt denne sorteringa vore.

Kong Oscar 2. Goldminebygde veg frå værket og fram til Risvik. Dåe var og stemt for å bygja veg fram til Uren, men her stengde Tor Urastølen og Nils P. Uren med å nekta veggrunn.

Medan Dåe styrte var alt på sitt høgste. Direktøren hadde sin egen dampbåt «Nelly». Med den drog heile huslyden på lysttur i Hardangerfjorden.

Frå Goldmine og ned til og med Uren var 7 handelsmenn. Umbord i «Korkjen» var der og handel. Rett lovlegt var det visst ikkje alt der umbord. Mann vart hukka og «Korkjen» enda sine dagar som vrak i Sanvika.

Frå den tida Blueet styrde har ikkje forteljaren so mykje å seia. Der vart bygd nokre brakkar til bustad for arbeidarane. Han fekk og bygd eit tillegs-vaskeri for å prøva vinna meir utav det gullet dei tippa på sjøen i Djupevik.

Forteljaren slutta med å seia engelsmennene gjekk ikkje upp av gullet vårt.

 

15 Okt 1952